The State Administration Database

Inger Johanne Sundby, Marit Skaar Reiersen (2010):

Statstilsette i omstilling Ei undersøking av handteringa av dei menneskelege sidene ved utflytting av 7 statlege tilsyn

Oslo, Difi. Difi-rapport 2010:10

Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.

Type of publication:

Rapport

Link to publication:

http://www.difi.no/filearchive/difirapport-2010-10-statstilsette-i-omstilling.pdf

Link to review:

http://www.difi.no/artikkel/2010/06/de-menneskelige-sidene-ved-utflytting-av-sju-statlige-tilsyn-fra-oslo

Number of pages:

96

ISSN:

1890-6583

Language of publication:

Norsk

NSD-reference:

2760

This page was last updated:

14/12 2010

State units related to this publication:

Summary:

Som ei oppfølging av Asplan Viak AS evaluering av dei regionale, organisasjonsinterne og faglege verknadene av flyttinga av tilsyna, ynskte FAD å få meir kunnskap om korleis dei menneskelege sidene ved omstillingane har vorte handterte. Gjennom undersøkinga har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skaffa fram ny kunnskap om verknader for medarbeidarane og synspunkt på bruk av omstillingsverkemiddel og omstillingsprosessane. 662 av dei 815 som var tilsette før 1.1.2003, slutta i perioden frå avgjerda om flytting vart teken i 2003 til 1. januar 2009. Fleire har slutta etter dette. 74 prosent bestemte seg raskt for at flytting ikkje var aktuelt. Verkemidla som vart brukte for å få dei tilsette til å vurdere flytting eller faktisk flytte permanent, hadde ingen innverknad. 81 prosent er i dag yrkesaktive, av desse 36 prosent ikkje lenger i offentleg sektor. 12 prosent vart pensjonerte og dei fleste av desse gjekk av med AFP. Mange meiner at flyttinga førde til at fleire vart pensjonerte enn om tilsynet hadde vorte verande i Oslo. 9 prosent (35 personar) var ufrivillig arbeidslause i over ein månad, medan 13 personar er no, 3-4 år etter flyttinga, framleis arbeidslause. Omstilling blir opplevd, sjølv om dei sjølve er i arbeid, å ha sterk negativ verknad for livssituasjon, trivsel og det sosiale miljøet. Eit stort fleirtal er kritisk til omstillinga og er uroa for korleis dette har påverka oppgåveutføringa i sine gamle tilsyn. Dei kritiske synspunkta til sjølve vedtaket om flytting, har etter vår vurdering påverka dei tidlegare tilsette sine synspunkt på omstillingsprosessane.