The State Administration Database

Aarre, Tale Krogsæter (2017):

NAV lærer ikkje innvandrarkvinner å spinne

Oslo, Uio, Institutt for statsvitenskap

Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.

Type of publication:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Link to publication:

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/57623/Masteroppga-ve-Tale-Krogs-ter-Aarre.pdf

Link to review:

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-60395

Number of pages:

153

Language of publication:

Norsk

Country of publication:

Norge

NSD-reference:

3263

This page was last updated:

11/10 2017

State units related to this publication:

Affiliations related to this publication:

Summary:

I denne masteroppgåva har eg gjort ei kvantitativ analyse av over 200 000 nordmenn og ikkje-vestlege innvandrarar som har delteke på statlege arbeidsmarknadstiltak i perioden januar 2011 til desember 2015. Eg har sett på kva for tiltak ikkje-vestlege kvinnelege innvandrarar deltek på, og om tiltaka påverkar sannsynet for at dei kjem i arbeid. Datamaterialet er henta frå SSB og NAV. Eg har tatt utganspunkt i tre teoriar: Becker sin teori om humankapital, den statsvitskaplege teorien om policy-vertkøy og økonomisk teori om tilbod av arbeidskraft. Ut frå desse teoriane har eg utleidd hypotesar som utgangspunkt for analysearbeidet. Analysen er gjort gjennom seleksjonsmodellar og logistiske regresjonsmodellar. Modellane viser kva for tiltak som gjev størst effekt på sannsynet for å kome i arbeid. I følgje mine analyser gjev tilskot til lønsutgifter, arbeidspraksis og kvalifiseringstiltak størst sannsyn for å kome i arbeid. Ved å klassifisere tiltaka etter teoriane, finn eg at tiltak som gjev spesifikk opplæring, som går gjennom automatiske system som den økonomiske marknaden og som har fleire aktørar involvert, gjev størst sannsyn for å kome i arbeid. Analysen viser ingen seleksjonseffekt ved deltakinga på dei ulike tiltaka, altså at deltakarane sjølve påverkar kva for tiltak dei deltek på. Dette er eit funn som bør testast i komande studiar, for dette er i motstrid til tidlegare forsking. Det er ikkje berre effektane av arbeidsmarknadstiltak som avgjer om ein kjem i arbeid eller ikkje. Studien viser at velferdsytingane kontantstøtte og einsleg forsørgjarstønad har negativ påverknad på sannsynet for om ein kjem i arbeid. Deltaking i introduksjonsprogrammet synast også å ha ein negativ effekt på sannsynet for å kome i arbeid. Dette kan type på at programmet ikkje greier å tette kompetansegapet mellom nordmenn og ikkje-vestlege innvandrarar, noko ein ser att i den sterke positive effekten ved å kome til landet på grunn av utdanning. Til samanlikning har arbeidsinnvandring mykje svakare positiv effekt på sannsynet for å kome i arbeid.