Aursland, Steinar (2022):
How does an Exogenous Shock Affect Institutional Change? The Case of Digitalization in Konkurransetilsynet and COVID-19 Pandemic
The University of Bergen
Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.
Type of publication:
Hovud-/magister-/masteroppgåve
Link to publication:
Link to review:
https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/3010671
Number of pages:
108
Language of publication:
Engelsk
Country of publication:
Norge
NSD-reference:
4917
This page was last updated:
27/6 2024
State units related to this publication:
Summary:
Denne kvalitative casestudien utforsker korleis eit eksogent sjokk kan påverke institusjonell endring, med å analysere digitaliseringa i Konkurransetilsynet, som starta før og fortsette inn i COVID-19-pandemien. Med å bruke ein eksplisitt og nyansert definisjon av institusjonar, som inkluderer eit breitt utval av måtar institusjonar strukturerer åtferd, nytter eg ein teori om institusjonell endring som gjer det mogleg å forstå endringsprosessar med og utan eksogene sjokk. Eg designar eit fortolkande casestudium og rekonstruerer prosessen med å analysere data frå ni semistrukturerte intervju med aktørar i Konkurransetilsynet og sju relevante dokument. Eg finn at digitaliseringa var kjenneteikna av ei medviten inkludering av mange aktørar for å ha brei deltaking og representasjon. Blant dei viktige aktørane var Digitaliseringsgruppa i Konkurransetilsynet, konkurransedirektøren, administrasjonsdirektøren, ein seniorrådgjevar i administrasjons- og organisasjonsavdelinga og sikkerheitsleiaren. Både medvitne og umedvitne institusjonelle reglar og element var kjelde til endring i digitaliseringsprosessen. Det var ein høg grad av skjønn når det kom til regjeringsdokumenta, men ein lågare grad av skjønn når det kom til Konkurransetilsynet si digitaliseringsstrategi. Digitaliseringa var bevisst ein langsam prosess, og inkluderte nye digitale verktøy og måtar å gjennomføre arbeidsoppgåver. Dei fleste respondentane opplevde nye institusjonelle reglar og element på toppen av dei gamle, men somme opplevde endra verknad og neglisjering av gamle reglar. COVID-19-pandemic hadde ein avgrensa påverknad på digitaliseringa i Konkurransetilsynet. Pandemien bremsa ned somme initiativ, som introduksjonen av skytenester. Men på den andre sida forankra pandemien også initiative, som dei nye kommunikasjonsverktøya som dei tilsette såg nytten av då dei jobba heimanfrå. Denne studien viser at påverkinga eksogene sjokk har på institusjonelle endringsprosessar er mangesidig og kompleks, og medan denne oppåva belyser dette fenomenet, er det framleis mykje meir å lære.