The State Administration Database

Hope, Kristin Hjelmeland (2021):

Eit betre rusta samfunnstryggleiks- og beredskapsapparat – ein studie av kor vidt øvingar fører til læring

The University of Bergen

Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.

Type of publication:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Link to publication:

https://bora.uib.no/bora-xmlui/bitstream/handle/11250/2767236/Eit-betre-rusta-samfunnstryggleiks--og-beredskapsapparat---ein-studie-av-kor-vidt--vingar-f-rer-til-l-ring--.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Link to review:

https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/2767236

Number of pages:

145

Language of publication:

Norsk

Country of publication:

Norge

NSD-reference:

4928

This page was last updated:

28/6 2024

State units related to this publication:

Summary:

Denne studien har analysert kor vidt øvingar fører til læring, både innanfor og mellom organisasjonar, og har sett på kva for faktorar som fremjar og hemmar læring etter øvingar. Hendingar dei seinare åra har vist at samfunnets beredskap kan bli sett på store prøvingar og at uønskte hendingar kan få betydelege konsekvensar for samfunnet. Øvingar inngår som ein sentral del av samfunnstryggleiksarbeidet og beredskapsprosessen. Trass i viktigheita av å gjennomføre øvingar, har det mellom anna blitt peika på av Riksrevisjonen at læringa etter øvingar ikkje er systematisert, og at det er utfordringar knytt til det å følge opp læringspunkt på tvers av sektorar. Store utfordringar i dagens samfunn krev at fleire jobbar saman og gjennom øvingar får ein øvd på dette. Spørsmålet er om øvingane utnyttast godt nok som læringsarena? Øver ein for å lære, eller øver ein for å øve? Klarer organisasjonane å hente læring av dei store øvingane, og klarer organisasjonane å lære på tvers av organisasjonsgrenser? Dette er sentrale spørsmål i denne studien. For å studere dette har eg gjennomført ein casestudie, der fullskalaøvinga HarbourEx15 er nytta som illustrerande case. Organisasjonane og informantane denne studia tar for seg er valt ut frå denne øvinga. Merksemda er retta mot Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Politidirektoratet (POD), Oslo universitetssjukehus (OUS) og beredskapsetaten i Oslo kommune. Dette er sentrale beredskapsaktørar, og alle hadde ei sentral rolle i HarbourEx15. Her har ikkje målet vert å gå i djupna på kvar organisasjon eller å samanlikne dei, men heller å trekke ut element frå kvar organisasjon for å belyse problemstillinga som er stilt i denne studien. Det er nytta teori om organisatorisk læring for å studere kor vidt øvingar fører til læring, og materialet består av intervju, DSB sin evaluering av HarbourEx15, meldingar til Stortinget, Riksrevisjonens undersøkingar, samt interne dokument frå organisasjonane denne studien tar for seg. Studien viser at læring etter øvingar er viktig, og at dette er noko både myndigheitene og organisasjonane denne studien tar for seg jobbar med. Trass i dette viser studien også at organisatorisk læring, både innanfor og mellom organisasjonane, etter øvingar er utfordrande.