The State Administration Database

Pasten, Daniel Kleiven (2019):

Omprioriteringar i ein fleirledda etat underlagt langtidsplanlegging: Ein studie av styringa av og i Statens vegvesen

Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.

Type of publication:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Link to publication:

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70747/Masteroppg-ve---Daniel-Kleiven-Pasten.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Link to review:

https://www.duo.uio.no/handle/10852/70747

Number of pages:

111

Language of publication:

Norsk

Country of publication:

Norge

NSD-reference:

4952

This page was last updated:

3/7 2024

State units related to this publication:

Summary:

Denne studien tar føre seg styringsrelasjonane mellom Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen og Region øst. I kva grad, om nokon, budsjettmessige omprioriteringar påverkar styringsintensiteten i den operative styringa er særleg undersøkt. Eit hovudfunn er at Nasjonal transportplan har ei svært definerande rolle i utforminga av styringsdialogen mellom dei ulike aktørane. Som følgje av dette blir mål- og resultatstyring brukt som eit strategisk styringsverktøy, heller enn eit prioriteringsverktøy i den årlege styringa. Dette gir utslag i lite variasjon i styringsintensiteten, målt ved mål- og resultatkrav. Som ein mogleg konsekvens blir den operative styringa utført hovudsakleg gjennom andre verkemiddel, som budsjett- og virkemiddelstyring. Departementet si overordna styring ser likevel ut til å påverke den vidare styringa Statens vegvesen utfører internt. Den eksterne styringsintensiteten ser ut til å bli overført og forsterka i delegeringa frå departementet til vegvesenet. Dei empiriske funna blir analyserte ved hjelp av prinsipal-agent-rammeverket. Dei grunnleggjande strukturane i den norske forvaltinga og mål- og resultatstyringsprinsippet, gjer agentteorien godt eigna til å forklare vesentlege trekk og problem. Til dømes viser rammeverket at styringsdokumenta tildelingsbrev og resultatavtale kan bli rekna som mjuke kontraktar mellom overordna prinsipal og underordna agent, og at informasjonsskeivheita som oppstår mellom hierarkisk organiserte aktørar fordrar eit kontrollsystem. Teorien er vidare fruktbar, da Statens vegvesen innehar ei dobbeltrolle som både prinsipal og agent, i forholdet mellom Samferdselsdepartementet og Region øst. Metodisk kviler oppgåva på innhaldsanalysar av sentrale styringsdokument, og intervju av nøkkelinformantar i departementet, vegvesenet og Region øst. Undersøkinga viser at det ikkje er mogleg å spore ein samanheng mellom budsjettmessige omprioriteringar og styringsintensitet i form av mål- og resultatkrav i perioden 2014-2017. I lys av desse funna blir ei rekke styringspolitiske problemstillingar tatt opp, som samspelet mellom strategiske langtidsplanar og årleg operativ styring, balansen mellom mål- og resultatstyring og andre styringsverktøy, og samanhengen mellom eksterne departement-direktoratforhold og interne direktorat-etatsforhold.