Brokke, Marit Jaabæk (2021):
Tilstandsrapporten; skuleeigarskontroll eller systematisk arbeid med kvalitetsutviklingi skulen?- Ein studie av små kommunar i Agder sitt arbeid med tilstandsrapporten som ein del av kvalitetsutviklingi skulen.
University of Agder
Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.
Link to publication:
Link to review:
https://uia.brage.unit.no/uia-xmlui/handle/11250/2825314
Number of pages:
96
Language of publication:
Norsk
Country of publication:
Norge
NSD-reference:
5076
This page was last updated:
11/7 2024
Affiliations related to this publication:
- Kommune
Summary:
Oppfølgingsordninga, tidlegare «veiledningstenesten» gir kommunar med behov for særskild
støtte i sitt utviklingsarbeid, råd og rettleiing i analyse av eigne data for å danne eit
utfordringsbilete. Som skuleleiar i ein kommune med tiltak frå oppfølgingsordninga, har eg
vore opptatt av vidareutvikling av dette arbeidet på skulen internt og i kommunen som
organisasjonen. Kommunen som skuleeigar har det overordna ansvaret for eit forsvarleg
system, rettleiing og utvikling og skal utarbeide den årlege tilstandsrapporten som ein del av
forsvarleg system. Rambøll (2013) gjennomførte ei evaluering av kommunar sitt arbeid med
den årlege tilstandsrapporten og kom med råd til kommunane for vidare arbeid.
«Tilstandsrapporten; skuleeigar sin kontroll eller systematisk arbeid med kvalitetsutvikling i
skulen?» var problemstillinga eg søkte å få svar på gjennom denne studien.
Gjennom arbeidet med oppgåva har målet vore å finne ut om det er skjedd ei endring i
arbeidet med den årlege tilstandsrapporten og kvalitetsutvikling i skulen med tanke på
skuleeigar sitt ansvar for forsvarleg system og rettleiing. Eg ønska å analyser små kommunar i
Agder sine tilstandsrapportar opp mot rammeverket for koherens. Dette er for å belyse korleis
rapporten kan understøtte gode drivarar for skuleutvikling. Eg valde intervju i tillegg til
dokumentanalyse for å gje skuleeigarar høve til å belyse og presisere dette arbeidet. For å
forstå kommunar sitt arbeid med tilstandsrapporten og ev. manglande kvalitetsarbeid, tok eg
utgangspunkt i Bolmann og Deal (2014) sine fire fortolkingsrammer.
Gjennom analysen av tilstandsrapportane og svar i intervju fann eg fire hovudmoment. Den
årlege tilstandsrapporten blir utarbeidd etter gjeldande lov- og forskrift, men er ikkje ein del
av kommunen sitt andre plan- og styringsarbeid. Det er manglande involvering av
interessentar i prosessen utarbeiding av rapporten. Rapporten framstår som eit
forvaltningsdokument og bidrar i liten grad til kvalitetsutvikling. Kommunane i utvalet har
formulert mål i rapporten, men måla er upresise og vage og vanskelege å måle framgang på.
Det er få spor av oppfølgingstiltak for å følgje opp ei underprestering av resultat. Det er
skuleeigar som gjer ei eigenvurdering av resultat i rapporten.
Fråvær av felles tolkingsfellesskap og analyse gjer at kommunestyret som handsamar
rapporten, kan fatte vedtak om oppfølging på feil grunnlag.