Stava, Ingrid Hovden (2022):
Tryggleikskultur og beredskapslæring ved Høgskulen på Vestlandet
University of Stavanger
Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.
Type of publication:
Hovud-/magister-/masteroppgåve
Link to publication:
Link to review:
https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/handle/11250/2825120
Number of pages:
103
Language of publication:
Norsk
Country of publication:
Norge
NSD-reference:
5138
This page was last updated:
17/7 2024
State units related to this publication:
Summary:
Riksrevisjonen la hausten 2020 fram ein revisjonsrapport for 2019 om samfunnstryggleik og beredskap ved statlege universitet og høgskular. I rapporten får Kunnskapsdepartementet kritikk for å gi for dårlege signalar om styring av arbeidet med tryggleik og beredskap, og universiteta og høgskulane får kritikk for dårleg arbeid med både beredskap, øving og planar.
Denne studien tek for seg korleis arbeid med samfunnstryggleik og beredskap blir oppfatta av tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ein høgskule med rundt 16.000 studentar og rundt 1.800 tilsette fordelt på fem campus over to fylke. HVL vart oppretta i 2017 etter ein fusjon mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Formålet har vore å finne faktorar som påverkar læring knytt til tryggleik og beredskap, og gjennom forskingsspørsmål knytt til eigarskap til beredskapsplanar, medverknad i analyse- og planleggingsprosessar for tilsette, samt grad av involvering frå leiinga er det gjort eit forsøk på å måle tryggleikskulturen på HVL. Vidare blir det sett på korleis organisasjonen kan leggje til rette for læring etter uønskte hendingar.
I studien er det nytta kvalitativ metode i form av dokumentanalyse av eit utval sentrale dokument, fem fokusgruppeintervju med tilsette på alle campus, samt to individuelle djupneintervju. Fokusgruppene besto av både vitskapeleg- og administrativt tilsette, med varierande fartstid og på ulike nivå i organisasjonen, og vart hovudsakeleg rekruttert ved hjelp av kollegaer på dei fem campusa med store nettverk. Dei individuelle intervjua var med personar som på grunn av si stilling kunne tilføre andre syn på krav og forventingar stilt til leiarar i organisasjonen, samt kjennskap til sentrale og lokale føringar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
Det teoretiske grunnlaget byggjer mellom anna på James Reason si forståing av tryggleikskultur som ein informert kultur beståande av element som rapporterande, rettferdig, fleksibel og lærande kultur. I tillegg har Morten Sommer et al. sitt arbeid kring beredskapsøving og læring vore sentral i forståinga av korleis organisasjonar som HVL kan lære av uønskte hendingar, og kva faktorar som til sjuande og sist påverkar læring knytt til tryggleik og beredskap.
Resultata frå studien syner at det er fire faktorar som påverkar denne læringa: Kultur, ansvar, struktur og ressursar. Studien har vidare avdekka at HVL ikkje har ein sterk tryggleikskultur, og at dei tre tidlegare høgskulane som no utgjer HVL heller ikkje hadde dette før fusjonen. Det er likevel mykje som tyder på at ein no er på rett veg når det gjeld å byggje opp gode system for å styrke arbeidet med tryggleik og beredskap.
Avslutningsvis i studien blir det lista fleire tiltak som kan implementast i organisasjonen for å styrke dei tilsette sin eigarskap til tryggleik og beredskap, og såleis styrke tryggleikskulturen. Det krevst likevel systematisk arbeid over tid, og ein sterk forankring i leiinga for at dette skal bli ein integrert del av dei tilsette sin medviten.