FORVALTNINGSDATABASEN

Valland, Bente (2012):

Mål- og resultatstyring på lokalt nivå i Politi- og lensmannsetaten: Idealet, praksisen og det som ikkje let seg måla

Bergen: Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap. Universitetet i Bergen. Masteroppgave

Publikasjonstype:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Fulltekst:

https://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/6409/103573771.pdf

Omtale:

http://hdl.handle.net/1956/6409

Antall sider:

118

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge

NSD-referanse:

3022

Disse opplysningene er sist endret:

3/1 2014

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Sammendrag:

Denne masteroppgåva har hatt som føremål å skildra korleis mål- og resultatstyring kjem til uttrykk på lokalt nivå i politi- og lensmannsetaten ved bruk av styringsdokument og intervju med leiarar på to ulike driftseiningar i Hordaland Politidistrikt. Ein idealmodell av mål- og resultatstyring med fire fasar; mål, resultatindikatorar, resultatrapportering og resultatoppfølging er nytta for å kunne syna korleis mål- og resultatstyringssystemet er utforma i politiet, og plassera praksisen i forhold til andre funn i studiar av mål- og resultatstyring. Studien har vist at mål- og resultatstyring ikkje vert praktisert etter idealmodellen. Det er ei laus kopling mellom hovudmål, dei operasjonelle måla og resultatindikatorane. Dette fører til overfokusering og målforskyving. Store deler av politiproduktet vert ikkje fanga opp av resultatindikatorane. Målesystemet er ikkje tilrettelagt for samarbeid mellom driftseiningar. Ein ambisjon har vore å forsøkja å forklara måten mål- og resultatstyring vert brukt i praksis. Til å gjera dette har eg valt tre organisasjonsteoretiske perspektiv (instrumentelt, kulturelt, myte). Dei fire fasane i idealmodellen er nytta til å utleia forventningar og analysera funn ut frå dei tre perspektiva. Dei tre perspektiva forklarer mellom anna laus kopling mellom fasane i idealmodellen på ulike måtar; der forventningane ut frå det instrumentelle perspektivet ikkje vert oppfylt, ser ein at kultur- og myteperspektivet fangar opp dette på kvar sine måtar. Medan kulturperspektivet avdekkjer at det er usemje om mål og resultatindikatorar, syner myteperspektivet at andre styringssystem vert brukt parallelt, og at ein rapporterer på meir enn det som er etterspurt.