Lid, Sindre Ulstein (2014):
Mellom fag, forvalting og politikk - Ein studie av vedtaksåtferd i Statens vegvesen
Oslo: Institutt for statsvitenskap. Universitetet i Oslo. Masteroppgave.
Publikasjonstype:
Hovud-/magister-/masteroppgåve
Fulltekst:
https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40351/Lid_Masteroppgve.pdf
Omtale:
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-45083
Antall sider:
100
Publiseringsspråk:
Norsk
Land publikasjonen kommer fra:
Norge
NSD-referanse:
3104
Disse opplysningene er sist endret:
22/4 2015
Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:
Sammendrag:
Studien ser på betyding av organisasjonsvariablar for vedtaksåtferd i Statens vegvesen. Fokus for studien er kva betyding organisering av Statens vegvesen har for prioritering av riksveginvesteringar. Eit mål for studien har vore å undersøkje betyding av regional organisering av regionvegkontora for prioriteringar i nasjonal transportplan. Studien gjennomførast på grunnlag av tidlegare forsking som har sett at vegprioriteringar ikkje følger samfunnsøkonomiske nytte-kostnadsprinsipp i Statens vegvesen sitt framlegg til investeringsportefølje i NTP. Metodisk kvilar studien på intervjuundersøkingar og dokumentundersøkingar for empirisk å kartlegge betydinga av organisasjonsvariablar. Gjennom intervjuundersøkingar av sentrale aktørar i Statens vegvesen og Vegdirektoratet søkar studien å kartlegge forhold som aukar sannsynet for at samferdselsprosjekt vert prioritert. Teoretisk rammeverk ser på betydinga av struktur, utdanning, kultur og kvasimekaniske vedtaksreglar for å forklare faktisk vedtaksåtferd knytt til riksveginvesteringar. Analytisk gjennomgang viser at perspektiva kan forklare ulike sider av vedtaksprosessar i Vegvesenet. Territorial forankring av organisasjonsstruktur har betyding for gjennomføring av utgreingar og gjer at Vegvesenet tek til seg romlege perspektiv. Mangfald av utdanningsbakgrunnar i Vegvesenet inneber at vedtakstakarar i lita grad ut til å legge vekt på nytte-kostnadsanalysar når ein prioriterer mellom prosjekt. Inntrykket er at verknader av «ikkje-prissette konsekvensar» vert vurdert som viktigare. Organisasjonskultur har betyding for utvikling av uformelle normer og rutinar som gjer vedtakstakarar i Vegvesenet predisponert for nokre investeringar. Observasjonar i empirien leia til førestillinga om vedtaksprosessar som reglar og rutinar. Perspektivet vert diskutert som kvasimekaniske vedtaksreglar og det vert argumentert for at perspektivet kan forståast både innafor og utanfor det kulturelle perspektivet. Vedtaksreglar vert forstått som å forenkle vedtaksprosessar gjennom å redusere mengd med styringsvariablar som vert relevante Ansiennitet og regional balanse var to vedtaksreglar som vart observert. Ansiennitet innebar at kor lenge vegprosjekt har vore definert som behov har betyding for om prosjektet vert prioritert. Regional balanse og geografisk spreiing av investeringsmidlar såg ut til å ha betyding for om prosjekt vart prioritert.