FORVALTNINGSDATABASEN

Årdal, Gunnhild (2014):

Busetting av flykntingar - frå kommunal valfridom til forpliktande samarbeid?

Oslo: Institutt for statsvitenskap. Universitetet i Oslo. Masteroppgave.

Publikasjonstype:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Fulltekst:

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/40334/rdal-master.pdf

Omtale:

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-45056

Antall sider:

90

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge

NSD-referanse:

3106

Disse opplysningene er sist endret:

23/4 2015

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Sammendrag:

Busetting av flyktningar har lenge vore ei utfordring i Noreg, i skjeringspunktet mellom statleg velferdsoppgåve og kommunalt politisk vedtak. Det er staten ved Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) som er ansvarleg for busetting av flyktningar, men dei er avhengige av kommunane for å gjennomføre dette. Det har lenge vore eit gap mellom busettingsbehov og tal på faktisk busette, og det er ei utfordring for staten at kommunane seier nei til å ta imot flyktningar eller at dei tek imot mindre enn dei vert oppmoda om. Busetting av flyktningar er eit såkalla komplekst problem, og er prega av ulike problemforståingar, både mellom stat og kommune, og mellom politisk og administrativ leiing i den enkelte kommune. Dei siste åra har IMDi i tillegg valt å inngå direkte samarbeidsavtalar med enkelte kommunar for å løfte arbeidet med busetting, i tråd med ein ny strategi i 2012. Her er hovudmåla eit heilheitleg og langsiktig busettingsarbeid og ei sterkare forankring i kommuneleiinga. Eg har i denne oppgåva sett nærare på desse samarbeidsavtalane i lys av teori om styring og Hood & Margett (2007) sin typologiar over styringsverkty; NATO - Nodalitet, autoritet, finansiering og organisasjon. Kva styringsverkty vert teke i bruk i samarbeidsavtalane, og er evt desse avtalane ei ny form for styringsverkty? Ettersom staten er avhengig av velvillige kommunar tek dei stort sett i bruk mjuke styringsverkty, og dette er også tilfelle i samarbeidsavtalane, sjølv om desse inneheld ei form for binding. Ein finn element av dei klassiske styringsverktya igjen i samarbeidsavtalane, spesielt nodalitet, så meir enn å vere ei ny form for styringsverkty er avtalane meir ei ramme rundt allereie eksisterande styringsverkty, og ein arena for samarbeid. Her kan stat og kommune forsøke å komme fram til ei felles problemforståing. Som døme på samarbeidsavtalar mellom IMDi og kommunane tek eg her for meg avtalane i region Vest, Includio, der dei har valt ut 16 kommunar i regionen som dei vil satse ekstra på. I dei utvalte kommunane i Sogn og Fjordane; Flora, Førde og Sogndal, har eg sett på arbeidet så langt og på utfordringar som har vist seg. Det er likevel for tidleg å evaluere resultata av samarbeidet.