FORVALTNINGSDATABASEN

Jorunn Ringstad (leiar), Kjell Bjørvig, May Kristin Ensrud, Lasse Fridstrøm, Ingun Hagesveen, Per Steinar Jensen, Bård Morten Johansen, Tor Nordstrøm, Inger-Anne Ravlum og Hanne Varhaug Søberg (2008):

NOU 2009: 3 På sikker veg — Vurdering av eit sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen

NOU Norges offentlige utredninger

Publikasjonstype:

Rapport

Fulltekst:

https://www.regjeringen.no/contentassets/61b957802f0e478582c1b88d3bd691e2/no/pdfs/nou200920090003000dddpdfs.pdf

Omtale:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2009-3/id546289/

Kommentar:

Frå eit offentleg utval nedsett gjennom kongeleg resolusjon nr. 11/2007-2008, godkjend i statsråd 30. november 2007.
Avgitt til Samferdselsdepartementet 16. februar 2009.

Antall sider:

68

ISBN-nummer:

978-82-583-1002-7

ISSN-nummer:

0333-2306

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge, Sverige, Nederland, New Zealand, Storbritannia

NSD-referanse:

4544

Disse opplysningene er sist endret:

24/4 2020

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Horisontal dimensjon:

Sammendrag:

Utdrag av sammendrag:

Utvalet sine vurderingar I samfunnsdebatten om trafikktryggleik tek ein del til orde for fleire og strengare krav til vegstandard, køyretøy og trafikantar. Utvalet vil framheve at eit høgt nivå på krav og tiltak er ein naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for høgt tryggleiksnivå. For gode og varige resultat i trafikktryggleiksarbeidet er det òg naudsynt med ei organisering av systemet for trafikktryggleik med klart definerte roller og klar ansvarsdeling. Det er òg naudsynt med regelverk som underbyggjer tryggleiksansvaret til aktørane og funksjonelle samhandlingsprosedyrar mellom tilsynsstyresmakter og vegeigarar.

I følgje mandatet skal utvalet vurdere om det er behov for eit sjølvstendig tilsyn for infrastrukturen i vegsektoren. I dette legg utvalet at eit eventuelt slikt behov må underbyggast. Tilsvarande gjeld om utvalet skulle kome fram til at det ikkje er eit slikt behov.

Etter mandatet skal utvalet berre vurdere behovet for eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen. Det vil mellom anna seie at utvalet ikkje skal vurdere eit tilsyn som får ansvar for tilsynet med trafikantar og køyretøy, noko som per i dag er Statens vegvesen sitt ansvar. Med tanke på samanhengane som utvalet har sett mellom trafikant, køyretøy og veginfrastruktur er denne avgrensinga ikkje uproblematisk. Eit tilsynsansvar tillagt eit eksternt tilsynsorgan, men avgrensa til veginfrastrukturen, vil gi utfordringar fordi tilsynet ikkje har ansvaret for heile breidda av verkemiddel i trafikktryggleiksarbeidet.

Utvalet er samstemt i at trafikktryggleiken må vere målsetjinga når behovet for eit vegtilsyn skal vurderast. Utvalet er òg samstemt i at eit eventuelt nytt tilsynsorgan for veginfrastrukturen må byggast opp som eit risikobasert systemtilsyn, og i synet på kva som kan gjerast for å betre trafikktryggleiken dersom ein vel å halde fram med dagens organisering. Utvalsmedlemene har ulike vurderingar av moglege effektar eit vegtilsyn vil kunne få for trafikktryggleiken, og konklusjonen frå utvalet er difor delt.

Utvalet har vurdert dei overordna rammene for ei oppgåvefordeling mellom eit eventuelt vegtilsyn på den eine sida og Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet på den andre, slik mandatet ber om.

Innanfor utvalet si tidsramme har det ikkje vore mogleg å konkretisere ei oppgåvefordeling. Dette er eit omfattande arbeid som eit fleirtal i utvalet meiner må gjerast dersom ein går vidare i arbeidet med å etablere eit nytt tilsynsorgan.

Eit mindretalet i utvalet meiner oppgåvefordelinga mellom eit eventuelt vegtilsyn og dei andre aktørane er eit kritisk punkt for å kunne vurdere om oppretting av eit vegtilsyn er hensiktsmessig eller ikkje.

Utvalet er samd om at det òg innanfor dagens organisering er mogleg med eit betre tryggleiksarbeid i vegsektoren, og har vist til nokre tiltak som utvalet meiner kan ha ein positiv effekt.