Bondhus, Gunnar (2014):
Brukarmedverknad - ein kvalitativ studie av ungdom og tilsette sine opplevingar av brukarmedverknad ved barneverninstitusjonar
University of Stavanger
Publikasjonstype:
Hovud-/magister-/masteroppgåve
Fulltekst:
Omtale:
https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/handle/11250/223127
Antall sider:
123
Publiseringsspråk:
Norsk
Land publikasjonen kommer fra:
Norge
NSD-referanse:
5182
Disse opplysningene er sist endret:
18/7 2024
Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:
Sammendrag:
Tema
I denne oppgåva har eg sett nærare på brukarmedverknad som tema, retta mot ungdom som oppheld seg ved barneverninstitusjonar.
Bakgrunn og føremål
Bakgrunnen for at eg ønskte å ta føre meg brukarmedverknad var å få større innsikt i dei innhaldsmessige sidene av omgrepet. Føremålet er å få auka innsikt i og forståing av prosessane som er knytt til medverknad gjennom å intervjua ungdommar og tilsette ved barneverninstitusjonar, men det er spesielt interessant å få fram stemma til ungdommane på barneverninstitusjonar, ved at «den vet best hvor skoen trykker, som har den på».
Problemstilling
Val av problemstilling er som følgjer:
Kva faktorar vektlegg ungdom og tilsette når det gjeld å fremja brukarmedverknad for ungdom under opphald ved barneverninstitusjonar? - Og kva kan vera utfordringane?
Metode
Eg har intervjua 7 ungdommar og 6 tilsette ved to barneverninstitusjonar for å prøva å finna svar på spørsmålet som eg har stilt i problemstillinga. Eg valde å intervjua både ungdommar og tilsette då eg synes det var interessant å kunna samanlikna intervjumaterialet i ettertid. Semistrukturert intervjuguide vart utarbeidd og prøvd ut på eit par medstudentar på førehand, noko som var nyttig med omsyn til å forbetra denne. Det vart nytta kvar sin semistrukturerte intervjuguide til ungdommar og tilsette som vart intervjua.
Presentasjon av datamaterialet frå intervjua
I denne delen vert presentasjon av data frå intervjua med ungdommar og tilsette presenterte nærare. Denne delen er delt i fire kategoriar: Oppleving av kvardagen, brukarmedverknad i praksis, utfordrande situasjonar og ivaretaking av rettar. Av materialet kjem det fram ulike syn på i kva grad og korleis ungdom og tilsette opplever medverknad i praksis. Og det kjem fram at undommane opplever det som viktig at dei vert sett, høyrt og involvert i prosessane ved barneverninstitusjonane. Dei tilsette vektlegg omgrep som omsorg, tillit og respekt når det gjeld tilhøve som kan fremja brukarmedverknad.
Drøfting og avslutning
Når eg drøftar tek eg utgangspunkt i datamaterialet og ser dette i lys av teoriar og tidlegare forsking. Som eg har sett har det nokre stader vore samsvar med tidlegare forskning på området, medan det andre gonger har vore omvendt. Til dømes er det samsvar med både tidlegare brukarundersøkingar og forsking som vektlegg meininga av å verta sett, høyrt og respektert. På den andre sida, under utfordringar, finn eg og at det er ulikt syn på korleis den einskilde ungdom opplever faktorer som er med på å hemma medverkad i praksis.
Avsluttande refleksjon
På slutten av oppgåva avrundar eg med å reflektera litt over kva eg opplever å ha lært i samband med oppgåva, og korleis eg få nytte av dette i arbeidssamanheng.