FORVALTNINGSDATABASEN

Time, Ingrid (2012):

ROS-analyse i kommunal arealplanlegging - nyttig verktøy eller dødt dokument?

University of Stavanger

Publikasjonstype:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Fulltekst:

https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/bitstream/handle/11250/184688/Masteroppg%c3%a5ve%20Ingrid%20Time.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Omtale:

https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/handle/11250/184688

Antall sider:

98

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge

NSD-referanse:

5214

Disse opplysningene er sist endret:

19/7 2024

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Sammendrag:

Denne oppgåva handlar om kva rolle risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) speler i det kommunale arbeidet med å ivareta samfunnssikkerheit i arealplanlegging.
Studien ser på om slike analysar blir gjennomført berre fordi lova krev det, utan annan motivasjon enn å skape eit positivt bilete utad, og utan å få reelle konsekvensar. Eller om dei skapar læringsprosessar, som aukar bevisstheita og engasjement i samband sikkerheitsutfordringar i arealplanlegginga, og dermed blir eit nyttig og reelt verktøy?
Gjennom ein case-studie av to mellomstore norske kommunar, som her har fått namna Brattbakke og Villevåg, blir arbeidet med arealROS undersøkt. Dokumentstudiar er kombinert med kvalitative intervju for å få danne eit djupgåande bilete av korleis dei to kommunane brukte ROS-analysen i si overordna arealplanlegging.
Arbeidet med arealROS var ein integrert del av planprosessen i begge dei to kommunane, og gav godt beslutningsgrunnlag. Lovkravet var ein utløysande faktor for at arbeidet med ROS-analysen kom i gang, men motivasjonen for å vektlegge dette endra seg undervegs i prosessen, då nytteverdien vart tydeleg for dei som gjennomførte han. Studien viser òg at arbeidet med arealROS auka bevisstheita om risikoforhold og bidrog med læring i begge dei to kommunane.
Kommunane opplevde arbeidet med arealROS som nyttig, men utfordrande: Det var usikkerheit knytt til korleis arbeidet skulle gripast fatt, og kommunane opplevde det som vanskeleg å få rettleiing og klare svar frå fylkesmannen. Usikkerheita var mellom anna knytt til om kor detaljert ei ROS-analyse på arealplannivå skal vere. I tillegg opplevde kommunane det metodiske som problematisk; både når det gjaldt å avgjere kva metode som skulle brukast, og korleis denne skulle anvendast.
I studien vert det nytta fleire ulike teoretiske perspektiv, mellom anna blir ROS-analysen studert i lys av Ortwin Renn sitt rammeverkt for overordna risikostyring, Risk Governance. Det viser at ROS-arbeidet kan inngå som ein viktig del av ein slik risikostyringsprosess – men at ei ROS-analyse åleine ikkje er nok til å skape ei aktiv risikostyring. Risk Governance-rammeverket tydeleggjer og at ein kommune ikkje står isolert frå andre samfunnsprosessar, og understrekar viktigheita av god kommunikasjonen mellom ulike nivåa og interessentar i kommunalt risiko- og sårbarheitsarbeid.
Studien gjer det viser at ROS-analysen har potensiale til å bli eit nyttig verktøy i kommunal arealplanlegging, som kan generere læringsprosessar, men at kommunane i større grad treng oppfølging i dette arbeidet.