Rødal, Eliin (2009):
Kvalitetsutvikling i kommunal beredskap : ein studie av fem kommunar som har fått pris for god samfunnstryggleik og beredskap
University of Stavanger
Publikasjonstype:
Hovud-/magister-/masteroppgåve
Fulltekst:
Omtale:
https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/handle/11250/184386
Antall sider:
107
Publiseringsspråk:
Norsk
Land publikasjonen kommer fra:
Norge
NSD-referanse:
5224
Disse opplysningene er sist endret:
19/7 2024
Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:
Sammendrag:
Alvorlege og uønska hendingar nasjonalt og internasjonalt dei siste 15-18 årene har medverka
til store endringar i korleis styresmakter og innbyggarar ser på kva som er god
samfunnstryggleik og beredskap frå det ein gjorde under den kalde krigen. I Noreg har til dømes
orkanen på Vestlandet i 1992, flaumen på Austlandet i 1995 og Åsta-ulykka i år 2000 verka inn
på oppfatning og haldningar til kva samfunnstryggleik og beredskap går ut på. Det har kome ei
rekkje nasjonale utgreiingar, stortingsmeldingar og rapportar som skildrar status og ønska
framtidig utvikling på området både generelt og sektorvis, til dømes NOU 2000:24 Et sårbart
samfunn. Innanfor nasjonale og internasjonal fag- og forskingsmiljø har forståing av risiko,
risikostyring og krisehandtering i eit moderne samfunn fått stadig større merksemd og aktivitet.
Av internasjonale hendingar som også har fått stor innverknad nasjonalt er det naturleg å nemne
angrepet på World Trade Center og Pentagon 11. september 2001 og tsunamien i Søraust-Asia
romjula 2004.
Norske kommunar har lagt ned mykje arbeid for å fornye og forbetre lokal beredskap og
krisehandteringsevne slik at desse områda er meir i samsvar med dei samfunnsendringane som
har skjedd. Kurs- og kompetansehevingstilbod i regi av ulike private og offentlige tilbydarar har
kome på marknaden, og Universitetet i Stavanger har et 5-årig masterprogram innan
samfunnstryggleik og beredskap. Det er rimeleg å tru at slik satsing på kompetanseheving og
formell utdanning seier noko om den merksemda samfunnstryggleik og beredskap har både hos
nasjonale og lokale styresmakter og meir kommersielle aktørar.
Sjølv om aktørane har både engasjement og entusiasme, finst det mange utfordringar knytt til
beredskap og krisehandtering. Ei av utfordringane er korleis vi skal klare å halde trykket oppe
mellom kvar gong det skjer ei alvorleg uønska hending. Korleis kan vi unngå at dette blir (endå)
eit område prega av skippertak der vi er mest oppteken av å rette opp avdekte feil og manglar
frå den siste krisa?
Etter kvart som kjennskap til og kunnskap om fagområdet blir større, vil det nok også kome
tydlegare krav om å kunne seie noko om kva som er god kvalitet i beredskapsarbeidet og korleis
dette kan målast. Vi vil då kunne få fleire utfordringar knytt til krav til målretta innsats, dvs å gjere dei rette tiltaka til rett tid på rett stad og til rett kostnad.
Siktemålet med studien er å kunne seie noko om kva som blir oppfatta av både kommunar og
sentrale styresmakter å vere god beredskap og kva kriterium som blir vektlagt for å kunne seie at
ei kommune har betre beredskap enn ein annan kommune. Dette vil bli gjort ved å fokusere på
følgjande problemstillingar:
• Korleis kan erfaringar frå det kommunale beredskapsarbeidet dei siste 10 åra brukast for
å vidareutvikle beredskapen, sikre ei proaktiv tilnærming og unngå at det blir eit område
prega av skippertak med fokus på den siste krisa?
• Kva kan vere indikatorar for god kvalitet i det kommunale beredskapsarbeidet, og kvifor
kan dette vere gode indikatorar?
Samfunnstryggleik og beredskap er eit stort og omfattande område. Studien vil difor avgrense
seg til å gjelde helse- og sosialberedskap i kommunane slik den blir definert i lov om
helsemessig og sosial beredskap av 23. juni 2000, nr 56 (helseberedskapslova) og forskrifter om
krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial
beredskap, 23. juli 2001, nr 81 (beredskapsforskrifta).