FORVALTNINGSDATABASEN

(2021):

DFØ og forvaltninga av økonomiregelverket i 2020

DFØ

Publikasjonstype:

Rapport

Fulltekst:

https://dfo.no/sites/default/files/fagomr%C3%A5der/Rapporter/2021/DFO-rapport-2021-4-DFOs-rapport-om-forvaltning-av-okonomiregelverket-i-2020.pdf

Omtale:

https://dfo.no/rapporter/dfo-og-forvaltninga-av-okonomiregelverket-i-2020

Kommentar:

DFØ-rapport 2021:4

Antall sider:

41

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge

NSD-referanse:

5769

Disse opplysningene er sist endret:

16/8 2024

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Horisontal dimensjon:

Sammendrag:

DFØ har i tildelingsbrevet for 2021 fått i oppdrag å utarbeide årlege rapportar til departementet om forvaltinga av høvesvis økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. Rapportane skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som er komne fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2019. Vidare skal rapporten orientere om strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ på regelverksområdet i 2021. Rapportane skal sendast til departementet innan 31. mars 2021.

Formålet med rapporten er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere måten DFØ har forvalta økonomiregelverket på i det enkelte året. Regelverksrapporten blir vanlegvis gjennomgått i eit fagmøte med departementet og deretter publisert på dfo.no.

Tema og innhald i rapporten byggjer på det ansvaret vi har for å forvalte økonomiregelverket. Ansvaret som er delegert til oss, er mellom anna omtalt i DFØinstruksen1 punkt 3.1, der det står at «DFØ er delegert forvaltningen av økonomiregelverket og utredningsinstruksen og skal formidle kunnskap om hvordan statlige virksomheter skal eller kan etterleve disse. Forvaltningen innebærer at DFØ skal fortolke, informere og veilede, samt vurdere behov for videreutvikling og gi råd til Finansdepartementet om endringer. DFØ skal også behandle unntakssøknader fra økonomiregelverket.»

Denne rapporten handlar om korleis vi utøvde forvaltinga i 2020, og strukturen og innhaldet er slik:

• Kapittel 1 og 2 handlar om rapporten og korleis regelverksarbeidet er organisert.
• Kapittel 3 handlar om søknader om unntak frå krav i økonomiregelverket som vi har behandla i 2020.
• Kapittel 4 inneheld omtale av kva vi har svart departement og statlege verksemder som har spurt oss om korleis økonomiregelverket skal tolkast og forståast. Å behandle slike førespurnader er ein del av arbeidet med å formidle kunnskap om korleis statlege verksemder skal eller kan etterleve regelverket. Det gir òg innspel til utviklinga av økonomiregelverket. I kapittel 4 skriv vi om førespurnader vi (som ansvarleg avdeling for regelverksforvalting) har behandla i 2020.
• Kapittel 5 inneheld tema vi har arbeidd med i 2020 i samband med regelverksutvikling, kompetansetilbod og innhenting av kunnskapsgrunnlag. Kunnskapsgrunnlaget er relevant for å vurdere utviklinga av økonomiregelverket.
• Kapittel 6 inneheld omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ på regelverksområdet i 2021.

DFØ har òg ansvar for å forvalte og vidareutvikle to obligatoriske ordningar, som er statsrekneskapen og statens konsernkontoordning med tilhøyrande rammeavtalar. Fordi dette er ein rapport om regelverksforvalting, har vi valt å ikkje skrive om konsernkontosystema, det vil seie statsrekneskapen og betalingsformidling med statens konsernkontoordning.