(2021):
DFØ og forvaltinga av utgreiingsinstruksen 2020
DFØ
Publikasjonstype:
Rapport
Fulltekst:
Omtale:
https://dfo.no/rapporter/dfo-og-forvaltinga-av-utgreiingsinstruksen-2020
Kommentar:
DFØ-rapport 2021:2
Antall sider:
19
Publiseringsspråk:
Norsk
Land publikasjonen kommer fra:
Norge
NSD-referanse:
5807
Disse opplysningene er sist endret:
16/8 2024
Horisontal dimensjon:
- Stat
- Departement
- Etat
- Sentraladministrative organ (direktorat m.m.)
- Forvaltningsorgan med særskilte fullmakter
- Forvaltningsbedrift
- Andre ordinære forvaltningsorgan
Sammendrag:
Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har på vegner av Finansdepartementet ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket. Finansdepartementet har i tildelingsbrevet for 2021 gitt DFØ slikt oppdrag:
DFØ skal utarbeide årlige rapporter til departementet om egen forvaltning av henholdsvis økonomiregelverket og utredningsinstruksen. Rapportene skal peke på eventuelle forhold av gjennomgående karakter som har kommet frem i Dokument 1 fra Riksrevisjonen for revisjonsåret 2019. Rapporten skal videre orientere om strategisk viktige enkeltoppgaver for DFØ innenfor regelverksområdet i 2021. Rapportene skal sendes til departementet innen 31. mars 2021. Formålet med den årlige rapporten om utredningsinstruksen er å gi Finansdepartementet et grunnlag for å vurdere DFØs forvaltning av utredningsinstruksen det enkelte året.
I kapittel 2 er det gitt ein omtale av organisatoriske rammer, interne retningslinjer og organisering knytt til arbeidet DFØ gjer i regelverkssaker.
Kapittel 3 inneheld ei oversikt over spørsmål vi har fått frå departement og statlege verksemder om korleis utgreiingsinstruksen skal tolkast og forståast. Vi svarer òg på spørsmål om samfunnsøkonomiske analysar. Vi går nærmare inn på eit utval slike saker.
Kapittel 4 inneheld ei oversikt over samarbeid mellom DFØ og andre aktørar om utgreiingsinstruksen.
Kapittel 5 gjer greie for nokre aktivitetar som har vore sentrale i forvaltinga av utgreiingsinstruksen, mellom anna kompetansetenester som DFØ tilbyr statlege verksemder.
Kapittel 6 inneheld ein kort omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for regelverksforvaltinga i 2021.
I tildelingsbrevet for 2021 står det òg at rapporten skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som er komne fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2019. Vi har ikkje funne spesielle forhold knytte til utgreiingsinstruksen i Dokument 1.
Regelverksrapporten om utgreiingsinstruksen blir gjennomgått i eit årleg fagmøte med Finansdepartementet og blir deretter publisert på dfo.no.