(2020):
DFØ og forvaltinga av utgreiingsinstruksen i 2019
DFØ
Publikasjonstype:
Rapport
Fulltekst:
Omtale:
https://dfo.no/rapporter/dfo-og-forvaltinga-av-utgreiingsinstruksen-i-2019
Kommentar:
DFØ-rapport 2020:6
Antall sider:
19
Publiseringsspråk:
Norsk
Land publikasjonen kommer fra:
Norge
NSD-referanse:
5920
Disse opplysningene er sist endret:
22/8 2024
Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:
- Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
- Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
- Direktoratet for forvaltning og økonomistyring - divisjoner og avdelinger
Horisontal dimensjon:
- Departement
- Etat
- Sentraladministrative organ (direktorat m.m.)
- Forvaltningsorgan med særskilte fullmakter
- Forvaltningsbedrift
- Andre ordinære forvaltningsorgan
Sammendrag:
Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har på vegner av Finansdepartementet ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket.
Finansdepartementet har i tildelingsbrevet for 2020 gitt DFØ dette oppdraget:
DFØ skal utarbeide årlige rapporter til departementet om egen forvaltning av henholdsvis økonomiregelverket og utredningsinstruksen. Rapportene skal peke på eventuelle forhold av gjennomgående karakter som har kommet frem i Dokument 1 fra Riksrevisjonen for revisjonsåret 2018. Rapporten skal videre orientere om strategisk viktige enkeltoppgaver for DFØ innenfor regelverksområdet i 2020. Rapportene skal sendes til departementet innen 31. mars 2020.
Formålet med den årlege rapporten om utgreiingsinstruksen er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere måten DFØ har forvalta utgreiingsinstruksen på i det enkelte året.
Kapittel 2 gir ein omtale av organisatoriske rammer, interne retningslinjer og organisering knytt til arbeidet med regelverkssaker.
Kapittel 3 inneheld ei oversikt over kor mange gonger departement og statlege verksemder har spurt oss om fortolking og forståing av utgreiingsinstruksen. Vi svarer òg på spørsmål om samfunnsøkonomiske analysar. Nokre av spørsmåla går vi nærmare inn på.
Kapittel 4 inneheld ei oversikt over samarbeidet mellom DFØ og andre aktørar om utgreiingsinstruksen.
Kapittel 5 beskriv nokre aktivitetar som har vore sentrale i forvaltinga av utgreiingsinstruksen, mellom anna kompetansehevande tiltak som DFØ tilbyr statlege verksemder.
Kapittel 6 inneheld ein kort omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for regelverksforvaltinga i 2020.
I tildelingsbrevet for 2020 står det òg at rapporten skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2018. Vi har ikkje funne spesielle forhold knytte til utgreiingsinstruksen i Dokument 1.
Regelverksrapporten om utgreiingsinstruksen blir gjennomgått i eit årleg fagmøte med Finansdepartementet og blir deretter publisert på dfo.no.