The State Administration Database

Søvik, Sidsel og Sissel Vemundvik (2011):

Statlege selskap og føretak med sektorpolitiske mål Ei kartlegging av styringshøve og faktisk bruk av verkemiddel

Oslo: Difi - Direktoratet for forvaltning og IKT. Rapport 2011:5

Please note: This page may contain data in Norwegian that is not translated to English.

Type of publication:

Rapport

Link to publication:

http://www.difi.no/filearchive/difi_rapport_2011_5_statlege_selskap_og_foretak_med_sektorpolitiske_maal.pdf

Link to review:

http://www.difi.no/artikkel/2011/04/korleis-styrer-staten-selskapa-sine-difi-rapport-2011-5

Number of pages:

46

ISSN:

ISSN 1890-6583

Language of publication:

Norsk

Country of publication:

Norge

NSD-reference:

2904

This page was last updated:

6/6 2011

State units related to this publication:

Affiliations related to this publication:

Summary:

Føremålet med kartlegginga har vore å skaffe fram kunnskap om korleis staten styrer heileigde selskap og føretak med sektorpolitiske oppgåver. Kartlegginga femner om i alt tretti selskap og føretak. Desse dekkjer ulike sektorar og samfunnsområde, og det er stor variasjon mellom dei når det gjeld mål og oppgåver, størrelse og kompleksitet, og graden av kommersiell drift og konkurranse i dei marknadane dei opererer i. Eigarskapen er delt mellom ulike departement.

Kartlegginga syner at staten har ei rekkje verkemiddel til sin disposisjon, og at desse verkemidla vert brukt i ulike kombinasjonar i styringa av dei aktuelle selskapa og føretaka. Tett kopling mellom bruken av dei ulike styringsverkemidla gjer det vanskeleg å peike ut eitt eller fleire verkemiddel som det eller dei viktigaste. Selskapslovgjevinga og anna relevant regulering fastset i stor grad kva for verkemiddel ein skal eller kan nytta i styringa av kvart enkelt, konkret tilfelle. Sektordepartementa har samstundes eit monaleg handlingsrom til å forme ut bruken av relevante verkemiddel.