Nordland sivilforsvarsleir
1953-01-01 00:00:00.0 * Nyopprettelse
Navn
Nordland sivilforsvarsleir
Kort navn
Nordland sivilforsvarsleir
Tilknytningsform
Andre ordinære forvaltningsorgan
Administrativt nivå
Høyeste nivå
COFOG
02 Forsvar
Overordnet
Sivilforsvarets sentralledelse
Tilhører gruppe
Sivilforsvarsleirer
Type enhet
Enhet som inngår i etat eller gruppe
Lokalisering
1832 Hemnes
NB: Etableringsår usikkert!Nordland Sivilforsvarsleir ligg på
tettstaden Bjerka i Hemnes kommune. Leiren ligg like ved Europavei 6, cirka tre
mil sør for Mo i Rana og cirka seks mil nord for Mosjøen. Næraste flyplass er
Mo i Rana lufthamn, Røsvoll, 4,5 mil unna.
Leiren ligg i naturskjønne omgjevnader og disponerer eit 53 mål stort område
med eigen «fiskedam» med utsett fisk, samt grensar til lakseførande elv. Det
er gangavstand til butikk, bank, post, bensinstasjon, kro/kafe samt
jernbanestasjon. Næraste isfrie hamn er Finneidfjord seks kilometer unna.
Det er to faste stillingar knytt til leiren med ein intendant med ansvar for den
daglege drift og ein på vedlikehaldssida. Leiren er i stand til å gjere tyngre
vedlikehald på Sivilforsvaret sine brannsprøyter.
Leiren er i hovudsak modernisert dei siste åra med tanke på utleige til kurs
og konferansar, i tillegg til øving og opplæring av eigne mannskap. Det er ein
total forlegningskapasitet på 104 personar, og leiren kan tilby alt frå
enkeltrom med dusj og toalett til firemannsrom.
Moderne storkjøkken og matsal, med høve til inndeling for mindre grupper.
Undervisningssal for like mange personar, med høve til inndeling for mindre
grupper
og grupperom. Det finst moderne undervisningstekniske hjelpemiddel (videokanon,
PC, TV/video, lysbilete, overhead o.l). Det er og etablert bar og minikjøkken i
samband med undervisningssalen.
Vi kan også tilby branntekniske kurs sidan det er bygd opp ei brannplattform
med totalt sju containerar sett i system for brannøvingar med både røyk og
varme. Leiren har og ei utandørs skytebane for handvåpen opptil 100 meters
avstand, og pistolbane.
Av beredskapsmateriell som tidlegare har vore lagra i leiren, så finst det per
i dag berre brannteknisk materiell som kan brukast ved ein eventuell krise/katastrofe(slangar,
koplingar, sprøyter o.l.).
1970-07-01 00:00:00.0 * Endring av overordnet
Overordnet
Direktoratet for sivilt beredskap
2003-09-01 00:00:00.0 * Endring av overordnet
2007-12-31 00:00:00.0 * Nedlagt
Bjerkaleiren legges ned.
NB: Tidspunkt for nedleggelsen er usikkert.