Statens landbruksmaskinskole, Blæstad, Hamar
1951-01-01 00:00:00.0 * Nyopprettelse
Navn
Landbruksmaskinskolen Hamrem, Sparbu
Kort navn
Landbruksmaskinskolen Hamrem, Sparbu
Tilknytningsform
Andre ordinære forvaltningsorgan
Administrativt nivå
Høyeste nivå
COFOG
09 Utdanning
Overordnet
Landbruksteknisk institutt
Type enhet
Nasjonal organisasjon
Lokalisering
1702 Steinkjer
Litt historikk rundt skolen (kilde: Jordbruket i Noreg 1914-1974 Aslak Lidtveit utgitt av Landbruksdepartementet) URL: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007071001043
Då Landbruksteknisk institutt vart skipa i 1947 vart opplæring i maskinteknikk ei av dei første oppgaver instituttet tok opp. Alt same året kom det i gang stutte kurs i Verdal. I 1951 vart dei flytta til Hamrem i Sparbu og lagt til den gamle arbeidsteneste leiren som var bygt opp under krigen. Der heldt landbruksmaskinskolen som den då vart kalla til i brakker som med omsyn til bygningsstandard og andre tilhøve ikkje var skikka til skolebruk. Brakkene var stilt til rådvelde av Sparbu kommune som hadde overtatt brakkene.
Inntil 1962 sorterte landbruksmaskinskolen under Landbruksteknisk institutt, men frå dette året vart skolen lagt beinveges under Landbruksdepartementet.
Etter den endra situasjon fann Landbruksdepartementet at det var grunn til å vurdera nærare den tekniske opplæringa ved landbruksskolane og nemnde i april 1963 opp eit utval med seinare fylkeslandbrukssjef Olav Bakke som formann. (Handverks- og mas kinopplæringsutvalet av 1963.) Utvalet fekk som mandat m.a. å greia ut kor stor trong det var til opplæring i handverk og maskinteknikk ved landbruksskolane og like eins om det omfang ei slik opplæring burde ha. Utvalet vart og bedt om å koma med fram legg om opplæringa i desse faga ved fagskolane i landbruket og ved landbruksmaskin skolen i Sparbu mm.
Utvalet la fram si tilråding 5. juli 1965 og kom med framlegg om landbruksteknisk opplæring i dei vanlege kursa ved fagskolane i landbruket og skisserte retningslinene for opplæringa framover og om opplæringa i særskilte skolar mjn. (Sjå St. prp. nr. 2, 1968-69.) Då det vart kjent at departementet arbeidde med spørsmålet om ein ny landbruks maskinskole som skulle avløysa landbruksmaskinskolen i Sparbu og den då nedlagde handverkslærarskolen på Sem, kom det inn tilbod til departementet om fleire skole stader, bl.a fra Hedmark fylke om at staten kunne få overta den tidlegare Blæstad landbruksskole. Etter gjennomgåing av alle tilbod som var komne inn, og etter synfaring av dei ulike stadene kom departementet til at staten ville koma best frå det ved å godta tilbodet frå Hedmark fylke om å overta Blæstad.
I Landbruksnemnda var det full semje om å byggja ut ein landbruksmaskinskole, men når det galdt val av stad for skolen delte nemnda seg i eit fleirtal på 8 som fylgde fram legget frå departementet om å godta tilbodet frå Hedmark om å leggja skolen til Blæstad og eit mindretal på 3 som ville at skolen framleis skulle vera i Nord-Trøndelag.
Saka kom opp i Stortinget 14. november 1968. Der vart det eit langt ordskifte om plasseringa av skolen der distriktsomsyn gjorde seg sterkt gjeldande.
Etter at Stortinget 24. april 1969 hadde løyvt dei naudsynte tillegg til budsjettet for skolen m.a. kr 300 000 til ein ny lagerhall, flytta skolen hausten 1969 frå Sparbu til Blæstad.
1963-01-01 00:00:00.0 Horisontal flytting
Overordnet
Landbruksdepartementet
Inntil 1962 sorterte landbruksmaskinskolen under Landbruksteknisk institutt, men fra 1. januar 1963 ble skolen lagt direkte under Landbruksdepartementet.
Kilde: Lidtveit, Aslak, "Jordbruket i Noreg 1914-1974 ", isbn = 8258300105. Landbruksdepartementet, 1979, s. 280
1969-09-01 00:00:00.0 * Fysisk omlokalisering
Lokalisering
401 Hamar
I Landbruksnemnda var det full semje om å byggja ut ein landbruksmaskinskole, men når det galdt val av stad for skolen delte nemnda seg i eit fleirtal på 8 som fylgde fram legget frå departementet om å godta tilbodet frå Hedmark om å leggja skolen til Blæstad og eit mindretal på 3 som ville at skolen framleis skulle vera i Nord-Trøndelag.
Saka kom opp i Stortinget 14. november 1968. Der vart det eit langt ordskifte om plasseringa av skolen der distriktsomsyn gjorde seg sterkt gjeldande.
Etter at Stortinget 24. april 1969 hadde løyvt dei naudsynte tillegg til budsjettet for skolen m.a. kr 300 000 til ein ny lagerhall, flytta skolen hausten 1969 frå Sparbu til Blæstad.
Kilde: Jordbruket i Noreg 1914-1974 Aslak Lidtveit utgitt av Landbruksdepartementet)
URL: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007071001043
1969-09-01 00:00:00.0 * Navneendring
Navn
Statens landbruksmaskinskole, Blæstad, Hamar
Kort navn
Statens landbruksmaskinskole, Blæstad, Hamar
Jf. flyttingen fra Hamrem i Sparbu (Steinkjer kommune) til Blæstad (Hamar kommune)
1988-07-31 00:00:00.0 * Nedlagt via innlemming
Blæstad var opprinnelig en staselig gård, og den har røtter tilbake til vikingtiden. Blæstad var i tiden 1969-1988 kjent som Statens Landbruksmaskinskole. I 1988 den kom med i høgskolesystemet under Hedmark DH - senere Høgskolen i Hedmark som Avdelingen for landbruks- og naturfag . Avdelingen holder til på Blæstad, som ligger i Hamar kommune, 7 km. fra Hamar sentrum