Kystverket - Miljøberedskap
Denne siden og de ulike fanene under viser informasjon om denne enheten og data tilknyttet denne enheten fra Forvaltningsdatabasen. Forvaltningsdatabasen er en grundig og detaljert kartlegging av organisering og endring av den norske statsforvaltningen fra 1947 - d.d. Fanen "Lenker" inneholder eventuelle lenker til eksterne ressurser.
- Enhet
- Endringshistorie
- Forvaltningshierarki
- Enhetsregisteret hierarki
- Relasjoner
- Litteratur
- Årsmeldinger
- Tildelingsbrev
- Lovdata
- Utvalg
- Ansatte
- Lenker
- Instrukser
- Organisjonsprinsipp
- Regnskapsprinsipper
Denne siden viser endringshistorien til denne enheten.
01.01.2021* Nyopprettelse
Verksemdsområdet Miljøberedskap er organisert slik frå 1.1.2021:
- Miljø og analyse
- Operasjon og samordning
- Logistikk og teknologiutvikling
__________________________________________________________________
Bakgrunn: Ny organisering av Kystverket frå 1. januar 2021
Kystverket frå regionmodell til funksjonsmodell
Regjeringa beslutta sommaren 2020 ein ny organisasjonsmodell for Kystverket. Regjeringas beslutning bygde i stor grad på kystdirektøren si tilråding til ny organisasjon, levert 3. februar 2020 etter at Samferdselsdepartementet 15. august 2019 ga oppdrag om utredning av Kystverkets organisering, styringssystemer og ressursutnyttelse.
Den nye organiseringa blei sett i verk 1.1 2021. Den største endringa i ny organisasjonsmodell er at Kystverket går frå ein regionmodell (inndeling i fem regionar og eit hovudkontor) til å bli organisert etter funksjonar (fire verksemdsområder). Såleis følger Kystverket også den generelle utviklinga i statsforvaltninga der ein går mot funksjonsorganisering og ein meir fagretta struktur.
Dei fire verksemdsområda får heilskapleg ansvar, med alt frå regelverksarbeid til operativ drift av tenestene.
Funksjonar (fire verksemdsområder):
- Transport, hamn og farlei
- Navigasjonsteknologi og maritime tenester
- Miljøberedskap
- Lostenesta
Dei ulike funksjonane, med verksemdsområder og avdelingar, er lokalisert på dei same stadane som Kystverket tidlegare hadde regionkontor (Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg). Toppleiinga har blitt slankare og er samla på ein stad etter omorganiseringa , i Ålesund.
Kilde: Kystverket
(https://www.kystverket.no/Nyheter/2021/januar/ny-organisering-av-kystverket-fra-1.-januar/)
Merk
* = Dato merket med asterisk (*), betyr at tidspunkt ikke er bekreftet.